Opplev ein smak av hausten i Flåm

autumn_naeroyfjorden_future_fjordcruise_fjord_sverrehjornevik-9611-scaled.jpg

Kombiner den vakre Nærøyfjorden med spanande matopplevingar.

I Flåm kan du få ein smak hausten, med inspirasjon frå både Sognefjorden og Italia. Hausten er tida for å nyte gode, norske råvarer. Gjerne saman med god drikke. Kjøt av vilt og lam som har beita i fjellet heile sommaren, fargerike rotgrønsaker og fersk frukt er noko av det regionen rundt Sognefjorden er best på.

Nettopp dette, smak av hausten, ynskjer Flåm AS, saman med The Fjords DA, å setje fokus på i haust. I løpet av oktober og november kan du bli med på fem laurdagsarrangement der mat- og drikkeopplevingar står i sentrum. Fire av kveldane startar om bord på den elektriske båten Legacy of The Fjords, og på turen frå Gudvangen til Flåm vert det lærerike og underhaldande program av dyktige fagfolk. Alle arrangementa endar med ein betre middag på Fretheim Hotel sin restaurant Arven.

 

Opplev smak av hausten, Sognefjorden og Italia

3. oktober, 17. oktober og 7. november kan du bli med på ei kulinarisk reise gjennom Nærøyfjorden og Aurlandsfjorden frå Gudvangen til Flåm. Fretheim Hotel sin entusiastiske kjøkkensjef, Bjarte Finne, har med seg Anders Handal Tveite frå Tveite Gard, og saman vil dei by på ein lærerik og humoristisk presentasjon av lokal matkultur. I Flåm ventar ein femrettar middag i restaurant Arven på Fretheim Hotel.

Mat med smak av hausten er laga med gode lokale råvarer. Foto Nevada Berg

 

Kveldane startar med buss frå Flåm til Gudvangen, der ein forflytter seg over på det nye, elektriske fartøyet Legacy of The Fjords. På turen gjennom Nærøyfjorden og Aurlandsfjorden vil dei drevne kokkane dele av entusiasmen sin for dei gode lokale råvarene og kokkefaget generelt. Smaksprøvar som gjev ein en smak av hausten vert det sjølvsagt også.

 

Kokkar med lokalt engasjement gjev deg ein smak av hausten

Kjøkkensjefen på Fretheim Hotel, Bjarte Finne, gjev deg ein smak av hausten og deler villig av engasjementet sitt

Anders Handal Tveite er utdanna kokk frå Frankrike. Foto Jon Hunnålvatn Tøn

Både Bjarte Finne og Anders Handal Tveite er erfarne kokkar med stor nasjonal og internasjonal erfaring. Kjøkkensjefen på Fretheim Hotel. Bjarte, kjem frå Bergen, der han lenge var ein av nøkkelpersonane hjå Hanne på Høyden. Gjennom Da Vinci-stipendet har han hospitert hjå velrenommerte restaurantar som Noma i København, Jonas i Stockholm og San Matteo i Genova.

Anders har i dag bustadadresse Voss, men er fødd og oppvaksen i Stavanger. Han fullførte kokkeutdanninga si i La Rochelle, ein hamneby vest i Frankrike. I løpet av to år i det kjente gourmetlandet opparbeida han seg erfaring frå fleire stjernerestaurantar, og har seinare gjort karriere på restaurantar i Stavanger og Oslo. I 2008 overtok han Tveite Gard i nærleiken av Stalheim etter mor og mormor frå Voss.

Felles deler dei eit stort engasjement for lokale råvarer og produkt, dyrevelferd og matkultur med ein moderne vri, og deler villig av kunnskapen på ein entusiastisk og humoristisk måte.

 

Les siste utgave av  Magasinet på Reisefot GRATIS

Italienske smakar på fjorden

Francesco Marzola er ein av landets dyktigaste vinkelnarar. Foto Francesco Marzola

Laurdag 10. oktober flyttar fokuset frå området rundt Sognefjorden til Italia, med vinsmaking utanom det vanlege. Sommelier Francesco Marzola, som til vanleg er vindirektør på Park Hotel Vossevangen, har med seg seks ulike vinar frå Italia som deltakarane får smake. Francesco Marzola er opphavleg frå den italienske øya Sicilia, men har budd på Voss sidan 2016. Han har vunne både nasjonale og internasjonale vinkelnerkonkurransar og er rekna som ein av beste sommelierane i landet.

Også dette arrangementet går føre seg om bord på Legacy of The Fjords, og på den to timar lange turen frå Gudvangen til Flåm vil Marzola dele av kunnskapen sin med presentasjon og kompendium som vert delt ut til alle deltakarar. Vel framme i Flåm fortset kvelden med middag på Fretheim Hotel med fokus på smak av hausten.

 

 

Les også Opplev Flåm og Nærøyfjorden med Legacy of the Fjords

 

Nærøyfjorden som arena

Nærøyfjorden er vakker om hausten. No kan du segla heilt stille gjennom fjorden med den elektriske båten Legacy of The Fjords Foto Sverre Hjørnevik/Visit Flåm .

Kombinasjonen av den UNESCO Verdsarvlista Nærøyfjorden og det berekraftige fartøyet Legacy of The Fjords gjer sjølve arenaen til ein del av opplevinga. Sidan båten går på elektrisk kraft seglar den heilt stille gjennom fjorden og presentasjonane om bord vert ikkje forstyrra av motorstøy. Dei romslege salongane med sitt lyse, skandinaviske interiør og moderne konferansefasilitetar eignar seg godt til uformelle samlingar, presentasjonar og underhaldning. Søsterskipet, Vision of The Fjords, har vunne fleire prisar for Seasight designet, blant anna for si universelle utforming som gjer fjordopplevinga tilgjengeleg for alle.

 

Nordens ville kjøkken

Nevada Berg står bak den prisvinnande blogget North Wild Kitchen. Foto Nevada Berg

Siste laurdagen i oktober får Fretheim Hotel besøk av den amerikanske matbloggaren Nevada Berg, som står bak den prisvinnande bloggen North Wild Kitchen. Nevada er fødd i Salt Lake City i Utah, USA. Etter å ha vore innom byar som London, Maputo og Roma, har ho busett seg i Numedal saman med sin norske mann og deira son. Ho har spesialisert seg i det norske moderne kjøkken, med utgangspunkt i lokale råvarer og tradisjonar som er vidareført gjennom tradisjonar.

Denne oktoberlaurdagen, 31. oktober, vil ho demonstrere nokre av sine rettar på Fretheim, fortelje historier og gje smaksprøvar. Etter ein liten pause vil gjestene få servert ein trerettar middag i restaurant Arven, der Bjarte Finne har latt seg inspirere av Nevada og sett saman ein passande meny, – sjølvsagt med smak av hausten.

 

 

 

 

 

Tekst og bilder Pressemelding frå Flåm AS

terje@magasinetreisefot.no

 

scroll to top