“Ta ispause, smak lokalmat, plukk med
deg nyttig informasjonskart og nyt
fjordutsikta på butikkar i Jøsenfjorden,
Ølesund på Randøy eller Fister. Få
turtips frå erfarne lokalfolk. Høyr nytt
om dagleglivet her og få tips til den
beste badestranda i ferskvatn eller i
fjorden.”
Hjelmeland ligg strategisk til med vakre fjordar, ville fjell og vakkert kulturlandskap. Det er ei kort reise frå Stavanger i sør eller Haugesund i nordvest.
Den nye Ryfylketunnelen, verdas lengste vegtunnel under havet, bringer deg lett inn til Ryfylke frå Stavanger. Så feller du Riksveg 13 Nasjonal turistveg Ryfylke innover i fjordriket til Hjelmeland.
Regionnamnet Ryfylke kjem av Rygjafylket og var ein gong namnet på ein stor del av Rogaland. Hjelmeland omfattar midtre del av Ryfylke med øyrike, fleire fjordar og delar av Ryfylkeheiene i aust.
Når du ferdast på riksveg 13,så prøv mange avstikkarar. Me kan lova at du finn perler både nord og sør for Jøsenfiorden. Små pittoreske lokalsamfunn i vakkert kulturlandskap, hyggelege butikkar, gardsutsal og lokale bønder sine beste ureiste bær, frukt, eplemost, sider og verdas beste røykelaks.
Ta ispause, smak lokalmat, plukk med deg nyttig informasjonskart og nyt fiordutsikta på butikkar i Jøsenfiorden, Ølesund på Randøy eller Fister.
Få turtips frå erfarne lokalfolk. Høyr nytt om dagleglivet her og få tips til den beste badestranda i ferskvatn eller i fjorden. Faktisk finst det fleire gode offentlege sandstrender i vikene i Hjelmeland kommune. Fjorden er heller ikkje særIeg kald!
Reis sakte – opplev meir
Hjelmeland har og store attraksjonar verd ein fottur: Skomakarnibbå, Viglesdalen historiske vandrerute og Ritlandskrateret er godt kjent i Rogaland. Stavanger Turistforening har eit stort rutenett med mange populære hytter i heiene. Kvart år er det og ei populær «kodejakt» på kjente og ukjente turmål i heile kommunen, både dagsturar og korte turar for små føtter.
Ardal gamle kyrkje og den gamle strandstaden Hjelmelandsvågen, som no er kommunesenter, fortel glimt av den gamla historia, Vigatunet like eins.
Kulturhistorie og norsk kunst samt kafe servering med himalaga kortreist mat og godt drikke finn du på Galleri Hagalid høgt over Jøsenfjorden. Her startar du og fotturen til Skomakarnibbå eller kortare turar.
Ein sykkeltur kan kanskje freista? Sykle koselege Randøy rundt eller til Fundingsland i grensa mot heiene i aust? Ein tur rundt den store øya Ombo er meir enn eksotisk.
Dessutan kan ein avslappande rundtur med ein rutegåande hurtigbåt vera ei stor oppleving med anløp av mange små plassar i Ryfylkefjordane. I skuleferien blir det sightseeing frå Hjelmelandsvågen med Helgøy Skyssbåt på vakre Jøsenfjorden kvar torsdag kveld.
Jøsenfjorden er som Lysefjorden både vill og mjuk i natur, og har lang historie som ferdselsveg noko du får høyra om bord av mannskap med stor lokalkunnskap. For barna er ein rusletur i Eventyrskogen i Årdal viktig. Trefigurane ønskjer velkomen til små og store.
Nær Årdal finst og fleire buldrande fossefall, nokre av dei er fine å sjå saman med ungane, – og utan kø! Regnet vil kanskje koma, og då bit fisken ekstra godt både i fjorden og i vatn og elvar.
Senk pulsen og slå deg til nokre dagar
Det kan fort freista å slå seg til ei stund. Det kan vera smart å roe ned i Hjelmeland og bruka området som utgangspunkt for dagsutflukter til Lysefjorden og nordover til Haugesund og kanskje Suldalsheiane.
Eller la Hjelmeland bli ein god stopp på ein rundtur på Vestlandet, utan stor trafikk og trengsel. Rundt i bygdene finst feriehus og hytter, hostel, camping og gardshotell. I Hjelmelandsvågen finst bubilparkering ved kommunehuset.
I dei restaurerte husa til Fossane Gard i Vormedalen får du gardshistorie, elvesus og fullstendig ro, medan sjønære Solvåg Fjordferie på Fister har båtar så du kan prøve fiskelukka og ha tærne i vatnet.
Mange populære plassar finst rundt på Fister og på Randøy, som til dømes i Kådavågen. Bestill tidleg og direkte.
Smak på det beste
Kjem du i juni er Fisterbæra, kanskje Rogalands mest lovpriste jordbær klare. Du finn dei på GEA i Årdal, eller rundt på Fister. Bitte litt seinare finn du mange andre bær, her er nemleg klimaet for bær og fruktdyrking særs godt og tradisjon og kunnskapen stor.
Morellane er himmelske, likeins nyplukka plomme og tidlege eple i september. Sau og lam på beite nær sagt overalt viser kor viktig landbruket er i Hjelmeland. I Hjelmeland sentrum finst og den nye restauranten Smaken av Ryfylke med spennande meny basert på lokale råvarer og du kan nyte maten i uteserveringa. Elles finst fleire lokale daglegvarebutikkar med variert utval også av lokalmat og delikatesse, mellom anna på SPAR i Hjelmeland og Joker på Fister.
Få oversikt
Turistkontoret er i Vågahuset i Hjelmelandsvågen med mange informasjonskart, turkart, billettar til sightseeingbåt og gode råd. Her er og Noregs raudaste gangbru, startpunkt for ei menge fotturar, bubiloppstilling og småbåthamn.
Les meir på Facebook om Hjelmeland og plassane i nærleika, – naturlegvis.
Tekst og foto Hanne Sundbø, Galleri Hagalid
Kva er Skomakarnibbå?
Med Jøsenfjorden 700 meter lenger nede heng den særprega formasjonen Skomakarnibbå lik ein tommel opp i profil over Jøsenfjorden i Hjelmeland. Dette er den tredje store klippen i Ryfylke etter Kjerag og Preikestolen. I tillegg får du storslått utsikt over Ryfylke sine fjordar og øyrike ein lang del av turen.
Turen har lengde ca 12 km og tek 5-6 timar. Det er 450 m høgdeforskjell, og det er ein ganske krevjande dagstur. Solid skotøy, gjerne vasstette og ein stav er tilrådd saman med matpakke og ekstra klede. Les meir på Ut.no