Klar for countrystemning i Nærøyfjorden

CT-band-rocking-out-1.jpg

Til helga kjem den amerikanske countryartisten Ry Bradley og bandet hans til Flåm og den vesle bygda Dyrdal i Nærøyfjorden. I løpet av veka 30. juli – 06. august , held dei ikkje mindre enn åtte konsertar på ulike lokasjonar. Det vert ei veke med ugløymelege dagar med countrytonar rungande mellom fjord og fjell.

Ry Bradley er ein prisvinnande musikar busett i Nashville, USA, der han skriv eigne låtar inspirert av blues rock & roll og country. Han spelar også gode gamle slagerar frå mellom anna Johnny Cash, Buddy Holly og Elvis. Det vert vanskeleg å sitje stille når han og bandet set i gong med musikken sin.

Unik oppleving i Nærøyfjorden

Fleire av konsertane har Dyrdal som arena, noko som gjev ei unik moglegheit til å oppleve denne idylliske, veglause bygda midt i Nærøyfjorden. Her finst det berre ein fastbuande, Arild Dyrdal, som tidlegare har vore med på NRK-programmet “Der ingen skulle tru at nokon kunne bu”. På dagkonsertane måndag 2. og fredag 6. august tar han med konsertgjestane på ei lita omvising med historieforteljing om grenda. 

Til helga kjem countryartisten Ry Bradley til Nærøyfjorden. Pressefoto
Det vert hagekonsert på Fretheim Hotel. Foto Norwa's Best/Sverre Hjørnevik

Seks dagar, åtte konsertar


Fredag kveld er det i Flåm det skjer. Hagekonsertane til Fretheim Hotel er kjent for god stemning, og det vert ikkje dårlegare denne kvelden. Medan Bradley og bandet står på scenen, diskar kjøkkenet opp med grillmat.

Dei to siste konsertane vert om bord på Legacy of The Fjords på ettermiddagsruta mellom Flåm og Gudvangen. Dei elektriske fartøya har dei siste åra blitt populære konsertarenaer, og det vert ikkje mindre spektakulært denne gongen.

Tekst og foto pressemelding fra NorwayBest’s/Sverre Hjørnevik

Program for veka:

 

Fredag 30.07: Hagekonsert på Fretheim Hotel

Laurdag 31.07: Kveldskonsert i Dyrdal

Måndag 02.08: To dagkonsertar i Dyrdal

Tysdag 03.08: Ettermiddagskonsert på Fjord Cruise Nærøyfjord

Onsdag 04.08:  Ettermiddagskonsert på Fjord Cruise Nærøyfjord

Fredag 06.08: To dagkonsertar i Dyrdal

Les også:

Opplev ein smak av hausten i Flåm

Opplev Flåm og Nærøyfjorden med Legacy of the Fjords

 

 

 

 

Tips til artikler eller reportasjer? Eller en pressemelding som burde interessere våre lesere? Ta kontakt med terje@magasinetreisefot.no

 

 

scroll to top